Det er former, stemningar og fargar som tiltrekk meg.
Motiva finn eg i nærmiljøet mitt. Det handlar om møte med dyr og natur, om kjensla av å vere ein del av ein fellesskap, om engasjement kring det å ta vare på miljø og historie og ikkje minst om korleis vi menneska set spor etter oss.
Bilda mine har realisme og sanning i seg, men også element av fantasi, draum og fiksjon. Dei skal opplevast gode å sjå på, men samstundes inspirere til ettertanke.